Publisert av: May Britt Meland
27/6/2023 10:15
Meir stein skal på plass
Stiftinga Venelaget Tysnessåto melder på Facebook at det i dag, tysdag 27. juni, blir stengt for turgåarar i Myrdal i tidsrommet 08 til ca. 17.30.
Meir stein skal inn til traseen.
-Me kjem også til å stenga vegen opp til den øvste parkeringsplassen litt tidleg i dag for å unngå at turistar overnattar der i bil. Vil du til fjells i dag kan du nytta den første parkeringsplassen (etter ferista), skriv Venelaget.
For ei lita veke sidan vart det sett ein mileåæl med 500 trinn passert.
Sherpaane gjer ein imponerande jobb!