Stormøte i Tysnes Idrettslag
14/1/2010 12:20
Kor står vi, og kor vil vi? Bli med på ein diskusjon rundt framtidas handballtilbod i Tysnes IL!
Breidde eller topp?
Talentutvikling eller miljø og trivsel?
Dugnad eller profesjonell drift?
Fleire arrangement eller nok dugnad?
Beach handball, noko for oss?
Program:
Orientering om klubbutviklingsprosjektet
Planer for Beach Handball
Sportslig plan
Gruppediskusjoner
Tysnes IL er med i eit klubbutviklingsprosjekt i regi av handballkretsen. I dette prosjektet vil vi fremma diskusjon om visjon, mål, ambisjon, sportslige og sosiale rammer for den framtidige drifta. Det er følgjeleg noko som vil påverke Tysnes IL i mange år framover. Derfor ønskjer me at alle klubbens medlemmer, leiare, trenere og foreldre får gi uttrykk for meiningar og ynskjer.
Representantar frå handballkretsen vert med oss på møtet.
Merete Flakke Einar Wathne
Styreleiar Prosjektleiar