Ein senior som held koken
1/2/2023 20:08
Då Stein Aanesen (73) greidde krava til idrettsmerkeprøvane i fjor, var det 53. gongen han presterte dette.
Fyrste gong han tok idrettsmerket var han 18 år. Friidrett har han alltid hatt interesse for, og framleis held han seg i så god form at dei ulike krava til idrettsmerket fiksar han utan problem.
-Både éin av onklane mine og morfar min dreiv med idrettsmerketaking. Morfar i Oslo hadde mellom anna den flotte statuetten (spydkastar i bronse) i samlinga si. Som liten syntest eg den var så stilfull at eg bestemte meg for å ta idrettsmerket og samla nok poeng til at eg òg ein gong kunne ha ein slik vakker statuett, fortalde den spreke pensjonisten til underteikna i samband med at han tok idrettsmerket for 50. gong i 2019.
Det målet har han verkeleg fått oppfylt og vel så det. No har han så og seia alt i samlinga si når det gjeld dette merket: Idrettsmerket i bronse, sølv og gull, statuetten, kruset, miniatyrstatuett i bronse, idrettens Heiderspris, 40-årsmerket med NIF`s diplom og 50-årsmerket med NIF`s diplom.
Tekst/foto: Hans Ole Dalland