Julegåveaksjonen går over til å bli Nyttårsaksjonen

Publisert av: May Britt Meland
20/12/2022 12:49

Tysnes Frivilligsentral har saman med Flyktningehjelpa, NAV og Barnevernet arbeidd under høgtrykk for å få ut mest mulig før jul. Matkassar, julegåver og godteposar er i ferd med å bli delt ut etter beste skjønn. Vi når ikkje alle, men vi har gleda mange. Tysdag og onsdag er målet å få ut mest mulig sidan dette er ei kort arbeidsveke for fleire. Det vi får inn no, klarar vi ikkje å distribuere.

Vi er overvelda av den hjartevarmen som tysnesingane syner. Siste utskrift frå kontantinnbetalingane viser at vi nærmar oss 50 000.
Tusen takk til alle som har gitt!

No fokuserer vi alle berre på jula og nyttårshelga. At alle skal ha det bra då. Ingen skal fryse, alle skal vere mette og alle skal være snille. Mange vil oppleve jula slik. Men over nyttår, når siste kakeboksen er tom, bankkontoen grin mot deg og vedskjulet er tomt. Då treng vi også nokon som bryr seg! På Tysnes er det born som frys på beina i januar også.

 

Tysnes frivilligsentral