Publisert av: Martha Nygård Lande
23/11/2022 10:11
Stor aktivitet i Tysnes Husflidslag for tida
Torsdag kveld, 17. november, hadde damene som syr babyplagg til nyfødtintensiven på Haukeland, eit produktivt sytreff i Husflidsstova.
Godt utstyrt med nusselige stoff, kanteband, trykknappar, og rikelege mengder smågodt, resulterte det i mengder ferdiggjorde, søte, bittesmå plagg, som allereie er avlevert.
Søndag 20. november var det juleverkstad på Haaheim Gaard for born i 1.- 3. klasse .
Over 20 ungar med foreldre/besteforeldre laga julepynt av leire, nåletova figurar og juleenglar av garn. Spennande og kjekt å vera på ein ny plass og ha juleverkstad.
Måndag 21. nov. hadde me invitert til treff i Husflidsstova med 12 vaksne + 4 born frå Ukraina.
Formålet var å visa kor me held til, kva me har av utstyr og kva for aktivitetar laget held på med. Det var også lagt opp til at gjestene skulle få anledning å lage noko sjølv, og det vart både eigenproduserte huer og stikkeesker med decoupage.
I eit kreativt kaos vart det testa både fingerspråk og overlockmaskiner. Veldig god stemning, og mange fornøydde smil etter å ha produsert sitt fyrste, eigensydde plagg. Fleire ytra at dei hadde lyst å komma igjen.
Tirsdag 22. nov. var det fyrste sjangs til innføring i noko av det nye utstyret som no er på plass i Husflidsstova. Me fekk m.a. demonstrert litt av alt det gøye ein kan gjera med vinylkuttaren og varmepressa. Det er litt å setja seg inn i, men her er uante muligheter.
Første test vart gjort med trykk på kostymer til framsyninga “Lausnissen”, som laget også er engasjert i.
Sjå også facebook-sida Søm og strikk til NFI – Tysnes.