Ryddesjau

Publisert av:
29/11/2009 12:18

Dei seinaste vekene har det vore aktivitet bak det gamle bakeriet i Uggdal. Anleggsmaskiner har grave på tomten.

Til avisa Sunnhordland opplyser ein av eigarane av eigedomen, René Haukefær, at det ikkje er snakk om noko byggjing på området. I alle høve ikkje på noverande tidspunkt.

Arbeidet som no pågår er å fjerna jord- og steinmassar, og så skal dei i neste omgong planera og stella til på området slik at det kan nyttast på ulike områder, melder Sunnhordland.