Varmt møte i senterungdoms ærend

Publisert av:
9/11/2009 08:28

I alt 10 delegatar frå Hordaland reiste, medan der i alt var omkring 150 deltakarar på landsmøte med både delegatar, observatørar og senterungdommens landsstyre.

Årets landsmøte var litt spesielt sidan senterungdommen feira 60 år. Årets møte innehaldt difor ei rekkje  innlegg frå tidlegare leiarar av senterungdommen,  noverande representantar frå regjeringa,  stortingsrepresentantar, og elles store namn knytt til senterpartiet.  

Gjennom helga deltok me aktivt i val, samt at me stifta mange nye og gode kjennskap  med likesinna ungdom.

I ”mingletida” før festmiddagen på laurdag, hadde me og ein del av dei andre delegatane frå Hordaland ein veldig triveleg prat med moderpartiets leiar og Noregs Kommunal –og regionalminister, Liv Signe Navarsete.

Dette er fyrste gong Ingvild og Stein Olav reiser på eit nasjonalt møte i regi av senterungdommen, og opplevdes difor svært lærerikt og inspirerande til vidare arbeid i politikken.

Me vil nytta høve til å minna om årsmøtet i Tysnes Senterparti tysdag 10. november kl. 1900 i kantina, rådhuset. Gamle og nye medlemmar er hjartleg velkommen.

(Foto: Solfrid Burkeland Smith)