Vaksinasjon mot svineinfluensa

Publisert av:
28/10/2009 14:26

I tillegg kan framleis desse få vaksine:

• Gravide i andre og tredje trimester.
• Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp i alderen 6mnd- inga øvre aldersgrense! NB nytt!
• Helsepersonell som er i arbeid.
• Anna helse-og omsorgspersonell (bl.a. heimehjelpar)

Tysnes kommune har ikkje fått tilsendt nye dosar enno, men me ventar på dette.
Når personar i risikogruppene og helsepersonell har fått tilbod om vaksine, vil me byrja med allmenn vaksinasjon. Det vil likevel vera ei form for prioritering som me lyt fylgja:

• Husstandsmedlemmer og andre som er i nærkontakt til personar i risikogruppene, særskilt personar rundt spedbarn under 6 mnd og gravide i første trimester.
• Personar som har tett kontakt med svinebesetning.
• Dersom det er trong for ytterlegare prioritering i den generelle befolkninga vert det tilrådd at dei yngste vert vaksinert fyrst.