Publisert av: Martha Nygård Lande
23/2/2022 10:51
Open hall
Tysnes kommune inviterer til open hall i Tysneshallen fyrstkomande søndag.
Open hall er i fyrste rekke for born opp til 12 år, i følgje med vaksne, men også eldre sysken er velkomne.
Det vert moglegheit til frileik i idrettshallen, klatrevegg, bowling, gamingrom og bibliotek.
Det vil også bli offisiell opning av det nye datasystemet i bowlinga.
Servering av saft, kaffi og vaflar.
Arrangementet er ope frå klokka 11.00, og er gratis.