Illustrasjonsbilete

Utandørskino og bålpannekos for ungdom

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/12/2021 15:23

Eining barn og familie, psykisk helsearbeidarar for barn og unge, vil arrangere ei koronavenleg, alternativ, sosial happening for ungdomsskule- og vidaregåandeskuleelevar måndag 20. desember kl. 18.00!

Planane om samlingar på Treffstaden vår, i juleferien til ungdommane, må igjen utgå på grunn av dei siste koronaretningslinjene.

Dette ønska me å gjere noko med, så me heiv oss rundt for å tenke alternativt. Me søkte midlar hjå Tysnes Kraftlag, som raskt ville støtte oss, slik at me no kan leige inn TF Media, og vise julefilmen «Reisen til julestjernen» på storskjerm og med god lyd.

Filmen skal visast i utandørsamfiet ved Tysnes skule!

Me skal fyre opp bålpannar, og grille pølser for dei som ønsker det. Den enkelte tar med eiga drikke, og tepper/gode klede!

Det er etter retningslinjene plass til 100 stykker, så me treng påmelding innan sundag 19.12 kl. 20.00 til sms 951 80 517.