Fart og spenning på fjorden i dag

Publisert av: Vegard Aslaksen
25/8/2018 18:45

Båtracet Bergen Poker Run 2018 vitja i dag Våge hamn. Om lag 40 båtar deltok under årets race som gjekk frå Bergen i formiddag. Løpet går over fleire etapper og ved ankomst Våge var båtane halvvegs. Her la dei til kai for å eta lunsj på Mandelhuset.

Båtane ligg vel fortøyd ved kaien til Mandelhuset

 

Mykje hestekrefter. Bergen Poker Run er for båtar som kan gå med meir enn 40 knop. Mange av båtane gjorde meir enn det dobbelte av dette.

 

Ein “Cigarette”, klassisk speedbåt, ligg fortøyd ved Sjøhuset.

 

Bergen Poker Run er eit sosialt arrangement for båtinteresserte og kan samanliknast med rebusløp for bil. Ein kjører ei oppsatt rute og undervegs må deltakarane plukka opp 5 spillekort på forskjellige angitte stadar langs ruta. Korta er forsegla i en konvolutt og den skal bringast uåpna til kveldens pokerbord. Ved pokerbordet blir ein og ein konvolutt åpna og korta blir plassert på bordet med billedsida opp. Kunnskaper om pokerspill er med andre ord heilt unødvendige, då du kun kan “spela” med de kortene du har fått tildelt. Den som har den beste hånda (etter poker reglane) er årets vinner av Bergen Poker Run. Les meir om Bergen Poker Run her.

Etter at deltakarane hadde fått i seg lunsj var det duka for neste etappe med felles start frå Våge

 

Her kjem bildedryss frå då nokre av båtane kom inn til Våge!