P3 gull- vinnaren Chris Holsten til Tysnesfest

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/12/2021 11:01

Det er på scena multitalentet Chris Holsten trivst aller best. Dei siste åra har han verkeleg fått vist det norske folk kva for ein fenomenal liveartist og formidlar han er med utselde turnear og eit utallege  TV-opptrednar. Den speleglade artisten og det trufaste bandet er klare for å fortsetja festen i 2022!

Etter å ha sunge utelukkande på engelsk tidlegare har Christ Holsten det siste året toppa lister og erobra det norske publikummet med sine norskspråklege låtar.

Titlar som «Hvis verden», «Bare når det regner» og «Smilet i ditt eget speil» har herja listene gjennom året, og til våren slepp han del 2 av albummet «Bak en fasade». Han er og spennklar for ein fullspekka festivalsommar med sitt forrykande sceneshow.

Sitat: Øystein Vaage

– At Chris vann «Årets låt» og «Årets artist» på P3 Gull vitnar på ein veldig tydeleg måte om kor stor innverknad han har hatt på musikkåret 2021. Du kan ikkje ha hørt mykje på radio i år viss du ikkje har fått med deg «Smilet i ditt eget speil» for eksempel. Me set utruleg stor pris på at han tek turen til Tysnes til sommaren, og gler oss til fleire låtar som kjem ut i del to av hans nye album.