Publisert av:
2/10/2009 20:43
Flott frisørstart
Frisørsalongen “Frisøren på Tysnes” har hatt ope i to dagar. – Me har hatt ein kjempefin start, hatt mange kundar innom og fått mange gratulasjonar, seier Solfrid Jekteberg Bakke til Tysnesingen.
Det er ho, saman med Ursula Liiver, som er eigarane av den nye frisørsalongen som ligg i dei tidlegare lokala til Gunn’s Frisørsalong i “Bygg og Trelast”-bygget på kaien i Våge.
Dei opna 1.oktober. Førebels er det dei to eigarane som jobbar i salongen. Begge har solid erfaring frå frisøryrket. No satsar dei på eiga hand.
– Me er kjempenøgde etter dei to første dagane i drift, og ønskjer alle velkomen til oss, sluttar Bakke.