Publisert av:
29/9/2009 19:58
Knepent tap
Det var ein jamn kamp på Reiso-graset i kveld mellom Njardar og Søfteland i 12-års gruppa.
Njardar hadde tre store sjansar i byrjinga av 1.omgong, men ballen strauk like utanfor ved alle forsøka. Søfteland hadde lite offensivt, og den eine gongen dei kom var ein gulkledd spelar uheldig og sette ballen i eige mål. Dermed leia gjestane 1-0 til pause.
Søfteland gjekk tidleg opp til 2-0 i 2.omgong. Men Njardar-gutane jobba seg inn att i kampen. Fyrst reduserte Markus Frøkedal Kjerrgard då han kom åleine med keeper, deretter utlikna Ørjan Pettersen med eit godt skot.
2-2 stod det lenge og heilt til eit par minuttar gjenstod. Eit innlegg til bakerste stolpe vart enkelt satt inn og søftelendingane kunne jubla over siger.