Trykkleif ramma biblioteket
23/9/2009 09:15
Her forleden saksa Tysnesingen ei statistisk opplysing frå BA som kunne fortelja at Tysnes kommune brukar 3.80 kroner pr. innbyggjar på bibliotek. Men her har det nok gått i hurten og sturten – det rette talet skal vera kr. 23.80 pr. innbyggjar, og då vert det noko ganske anna! Det ligg likevel som Tysnesingen skriv eit stykke under gjennomsnittet for fylket, som er kr. 32.57 pr. innbyggjar.
Medan me no er inne på tal, så kan det også opplysast at Tysnes folkebibliotek i fjor hadde eit totalt utlån på 4 972 bøker og andre medium. I tillegg kjem innlån frå andre bibliotek, ymse referansetenester, hjelp til studielitteratur, arbeid med lokalhistorisk biletsamling, kurs og arrangement m.m.
Tysnes folkebibliotek er for tida inne i ein periode med spanande planar for biblioteket. Det vert arbeidd med ein omfattande bibliotekplan, der det m.a. vert gjort framlegg om meir oppsøkjande verksemd, i barnehagar, institusjonar o.l. Når bibliotekplanen ligg føre i løpet av hausten vil den bli sendt til politisk handsaming.
I tillegg er Tysnes folkebibliotek ein del av den planlagde eininga “Sunnhordlandsbiblioteka” som omfattar Fitjar, Stord, Bømlo, Kvinnhead, Etne, Sveio og Tysnes. “Sunnhordlandsbiblioteka” vil venteleg koma i full drift frå neste år og vil då langt på veg stå fram som eit felles bibliotek for heile Sunnhordland, sjølv om dei einskilde biblioteka vil bli drivne som sjølvstendige einingar som før.