Opp på 2.plass

Publisert av:
20/9/2009 19:26

Det var jamnt i heile fyrste omgong. Njardar fekk ei pangopning og leia 1-0 etter berre fem minutt då Ørjan Malkenes stanga eit innlegg i nota.

Men som tidlegare slit Njardar litt på defensiv dødball og Søfteland utlikna etter corner like etter. Ti minutt før pause stakk Christian Frugård gjennom og ordna 2-1 leiing til pause.

Tidleg i 2.omgong fekk Njardar ei billeg straffe som Ronny Hagen ekspederte i nota. Då gjekk piffen litt ut av gjestane og Christian Frugård stakk gjennom to gongar til, før Nils Eivind Hansen raga høgast på bakerste stolpe og heada inn 6-1

Like før full tid fekk også Søfteland straffe, og kampen enda 6-2 til heimelaget som dermed tok 2.plassen frå Søfteland.

– Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Ronny Hagen, Eivind Skorpen, Terje Vevatne (Vidar Storesætre i 20), Ørjan Malkenes, Thomas Hagen, Roy Inge Korsnes, Torbjørn Onarheim, Gunnar Hansen (Nils Eivind Hansen i 25), Christian Frugård (Raymond Epland i 10).