Treng hjelp til strikkeprosjekt
12/9/2021 08:48
Celine Lunde Rød er ei eldsjel som både strikkar og syr til nyføddintensiven på Haukeland. I desse dagar lagar ho saman med fleire, andre strikkepakkar til NFI ( nyføddintensiven) på Haukeland. Tysnes Kraftlag har bidratt med økonomisk støtte til prosjektet.
Celine har henvendt seg til Tysnesingen med denne oppmodinga:
Har du ledige hender til veldedig håndarbeid? – Me treng di hjelp!
Ønskjer du å bidra med håndarbeid (strikk/hekling) i form av tepper, hue og sokkar til nyfødt intensiv?
Me har motteke økonomiske midlar i frå Tysnes Kraftlag og stiller med garn, men mangler litt folk!
Organisasjonen strikk og søm til NFI-Tysnes har motteke midlar og treng di hjelp til ferdigstilling av prosjektet!
Me har tidligare levert følgande til NFI Haukeland
– 42 sett med sydd body/bukse
– 25 komplett teppe hue og sokkar
– 14 sett med huer og sokkar
– 7 huer
Alt dette er produsert med god hjelp i frå lokalsamfunnet. Me held på med ny leveranse, og vurderar også utviding til NFI Haugesund. Har du ledig stund og vil bidra- ta kontakt med Celine Lunde Rød på 47876211 (helst sms).
Det er også planlagd sytreff siste helga i september. Ønskjer du delta i prematursøm følg med på Facebook Søm og strikk til NFI- Tysnes for meir info!