Småbarnsforeldre – sjå her!
1/9/2009 07:19
Kokken på Mandelhuset, Ronnie Landmann, ynskjer å skapa ein treffplass for småbarnsforeldre.
– Kvar dag går det småbarnsforeldre med barnevogn forbi kjøkenet mitt på Mandelhuset. Eg har begynt å lura på om dei har ein plass å treffast, seier han til Tysnesingen.
Han har ein draum om at Mandelhuset skal vera ein plass for alle – eit folkets hus. Difor vil han starta opp med ein baby/barnecafé 1 til 2 dagar i veka.
– Dette kan vera eit tilbod for heile familien, men med fokus på dei små. Me vil servera kaffi og kaer til reduserte priser og det eine toalettet vil gjerast om til stellerom. Eg håpar me kan saman få til dette, og kanskje halda eit kurs i matlaging saman med dei små. Her er det berre ideane som set grenser, seier Landmann.
Interessert? Ta kontakt på tlf 45421781. Målet er at “Barnas Café” kan starta opp i løpet av september.