Publisert av: Martha Nygård Lande
19/4/2021 16:45
Steinras i tursti
Turgåarar har tipsa Tysnesingen om steinras i stien opp til Vestrefjell/Teiglandsnuten.
Staden der raset er gått, er i starten på det brattaste partiet, rett før ein kjem til toppen.
Nokre av steinane som har kome ned, er ganske store, så ein bør være varsam når ein går der, i tilfelle det kjem meir.