Publisert av: Martha Nygård Lande
4/4/2021 06:49
Påskekryssord del 4
Då var fyrste påskedag her, og me har fem spørsmål til på lager.
Fyll inn svara på rett plass i kryssordet.
( Link til kryssordet i pdf format finn du her.)
Kanskje du allereie har løysingsordet?
1. Før i tida betydde dette ordet at ting var fort gjort, i dag knyttar ein det til pengar. Kva er ordet?
4. Dersom du er i Italia, og ber om “gelato”, kva får du då?
11. I 2020 kom Knut Rage ut med si tredje bok om uvanlege kvinnesjebner. Kva heiter hovudpersonen?
17. På Myrdal Gard har dei ikkje berre geiter. I vinter flytta det inn nokre nye dyr, kva for dyr var det?
22. Kva heiter brønnbåten til Alsaker Fjordbruk, som har vore bygd i Spania?