Fiskekonkurranse Tveit

Publisert av:
2/8/2009 10:20

Med ein torsk på 2,975 kilo vann Eirik Dalland fiskekonkurransen som Tveit Båtlag arrangerte laurdag 1. august. Dei 45 deltakarane drog i alt opp 45,17 kilo fisk i løpet av dei to timane konkurransen varde. Det var mest torsk og lyr som var i betet, men det slang også nokre makrellar og små langer innimellom.

Brede Røssland tok dagens minste fisk. Den vog 44 gram.

Største fangst for deltakarar under 12 år: Wilhelm Tveit, 3,00 kilo
Største fangst for deltakarar over 12 år: Ragnhild Tveit, 3,25 kilo

Premiane vart delt ut i samband med familiedagen som Tveit Bygdelag arrangerte på skuleplassen etter at fiskekonkurransen var avvikla.