Rapport frå Oslo
27/7/2009 20:19
Jentene til Njardar har hatt den beste starten under Norway Cup. I går slo dei Tromsø heile 4-0 etter fire mål frå Renathe Hagen-Lunde. Det var ein kjempekamp av Njardar-jentene og full fortent siger. I kveld møtte jentene Stabæk. Det vart 1-3 tap, men det vert meldt at tysnesingane kjempa som heltar mot det meir kjende laget frå Bærum. Hanne Storesætre scora målet. Jentene bør likevel ha gode muligheteiter til å gå vidare i morgon, då dei har ein siger.
Njardar G14 fekk ein tøff start i går mot eit svært godt Pace Palestine, som er eit samansatt lag frå Palestina. Det vart tap 0-7. I dag tidleg spelte dei ein svært god kamp då dei møtte Årdalstangen. Etter mål frå Daniell Hauge Hansen, Andreas Bakke og Tore Hodneland, leia Njardar 3-2 til det berre stod få minuttar att, då Årdalstangen utlikna til 3-3. Gutane avgjer sjølve i morgondagens kamp om det vert sluttspel plass for dei.
Njardar G13 har gått på to store tap. Det har blitt 0-8 mot både Oppsal og Holmen, to gode lag som tysnesingane ikkje klarte å hamla opp med. Dei møter DFI 2 i morgon og me håpar på eit godt resultat her.
Leiar Alf Inge Kleppe melder om god stemning og god oppførsel blant dei reisande frå Tysnes som er på Ekebergsletta.