Publisert av:
26/7/2009 10:57
Farlege sommarvegar
Me er om lag 2800 innbyggjarar på Tysnes. Om sommaren vert folketalet tredobla. Det betyr igjen auke i trafikkulukker.
Ein statistikk Sunnhordland viser til, om antal trafikkulukker frå 2003 til 2008, viser tala at det i mai var 41 trafikkulukker, 91 i juli og 58 i september. Dette gjer at Tysnes ligg som nummer to på topp fem blant dei kommunane med flest trafikkulukker i forhold til folketalet i juli månad.
Lensmannen seier til avisa at det er heller få bilulukker med personskader. Dei fleste uhella er med materielle skadar.