Måtte snu
17/7/2009 19:10
Tysnesingen Ronny Bakkane var ifjor på fjelltur til Kilimanjaro gjennom Jarle Traa sitt prosjekt. I år var det Elbrus, som ligg i fjellkjeda Kaukasus i Russland, som var målet.
9.juli var fjellsturgjengen vel etablert i fjellhytta på 3000 meter for akklimaterisering. To dagar etter var dei opp mot Pastukovs Rocks på ca 4700 m. for meir akklimatisering og restituering. 13.juli, i strålande vér, var dei på 4850 m. der dei kvilte før oppstøtet mot fjelltoppen.
14.juli prøver dei seg, men måtte avbryta ca 300 meter under toppen grunna dårleg vér, sterk vind og torden. Uvéret vert liggjande dagen etter, men 16.juli gjer Ronny og tre andre eit nytt forsøk på toppstøt, men meir nedbør, lyn, torden og skodda gjer at dei må gje opp forsøket.
Trass i at fjellfølgjet ikkje nådde målet sitt, var det godt humør i gjengen og dei samlast i Moskva etter nedstiginga. Det er jarletraa.no som melder dette.