Julegåveaksjon
18/11/2020 18:07
Tysnes Frivilligsentral og barnevernet samlar inn julegåver til trengande på Tysnes.
Jula nærmer seg, og barnevernet og Frivilligsentralen set stor pris på om dei kan få inn gåver til trengande på Tysnes.
Coronaviruset har gjort at arbeidsløysa har stege på Tysnes, så det er fleire familiar som treng litt ekstra denne jula enn tidlegare.
Pengar vil bli brukt til nyttige ting (for eksempel matkasser), og innkjøp av gåver til barn. Dersom det kjem inn strikkevarer som sokkar, vottar m.m er det også veldig populært.
Dersom nokon ynskjer å gje pengar, kan det enten gjerast ved å vippse til 586772. Ein kan og betale direkte til konto 3525 07 02750, og merke innbetalinga med “Julegåveaksjonen”.
I fjor kom det inn nesten kr 25 000. Tysnes Sparebank har allereie gitt kr 5000, slik som dei har gjort tidlegare år.
Aksjonen vert avslutta 18. desember.
Lurer du på noko, kan du ta kontakt med Tysnes Frivilligsentral.