Publisert av: Martha Nygård Lande
18/8/2020 19:05
Vil du bli med Tysnes Reiselag på tur?
Tidlegare i sommar var Tysnes Reiselag på tur til “Flor og Fjære”. Dette var ein svært vellukka tur, så no er det planlagt ny tur.
Denne gangen reiser dei også sørover, men målet er Haugesund og Karmøy.
I Haugesund vil ein blant anna få sjå Haraldsstøtta, Skåre kulturkirke, Byparken, Christiansenhuset og Rådhuset.
Turen går videre til Skudeneshavn, der det blir lunsj på Lanternen. Etterpå blir det byvandring i Skudeneshavn med besøk på museet i Mælandsgården.
Det er fortsatt nokre ledige plasser, så vil du vera med, kan du ta kontakt med Freddy Jensen på telefon 91328729 innan 20. august. Turen er onsdag 26. august.
Meir opplysningar om turen finn du her.