Publisert av: May Britt Meland
10/8/2020 18:23
Smakfult bakverk og nydeleg utsikt
Søndag 9. august vart ein strålande og solfylt dag, og mange, både store og små, fann vegen til Laukhamar.
Sissel på Laukhamar Fritid hadde fyrt opp i steinovnen var i eldhuset. Det vart steikt rundstykker, brød, pizza og ulike bollar. I tillegg hadde ho også laga suppe for dei som ville ha det.
-Me set pris på alle som tek turen ut til oss, fortel Sissel, og ynskjer både gamle og nye gjester velkomen ved neste “bakedag”.