Mange spennande aktivitetar på familiedagen Foto: Linn Larssæther Frøkedal

Kjekt på familiedag

Publisert av: May Britt Meland
29/7/2020 20:04

I dag arrangerte Reksteren Idrettslag familiedag ved Frøkedalsvatnet. Den starta klokka 12.00 og vart avslutta ca 15.30.
Tradisjonen tru, så var vêret ganske ustabilt……. -Men vi trur at dei 50 som var med hadde ei kjekk stund ved vatnet!

Det var natursti, hestesko kasting, kajakkpadling og andre leikar ein kunne delta på.

Mange hadde grillmat med, og dei som hadde lyst på, kunne grille seg nyfiska Aure!

I år som i fjor- satsar me på fint vêr til neste år!

Takk til alle som kom og gjorde dette til ein flott dag for store og små!
Reksteren Idrettslag

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Linn Larssæther Frøkedal