Populært med bruktmarknad

Publisert av:
20/6/2009 11:25

Folk frå heile øya hadde tatt turen til bruktmarknaden i Lunde.

Det store drivhuset like ved Lunde Senter var fullt i folk alt frå starten av. Her var det mangt slags ting og tang ein kunne kjøpa, og dei litt større gjenstandane som slåmaskin, båt, etc var utstilt utanfor i det fine véret.

Det såg ut til at handelen gjekk godt, nesten alle som var innom drivhuset kom ut att med noko i hendene!

Det var Lunde bygdalag som arrangerte bruktmarknaden der inntekta skal gå til den nye ballbingen som skal liggja like ved Lunde Senter.