Festgudsteneste 17. mai

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/5/2020 08:07

17. mai vert det festgudsteneste frå Onarheim kyrkje klokka 11.00 på YouTube

17. mai, nasjonaldagen vår, har tradisjon for i stor grad å vera borna sin dag.  Det ber denne utgåva av «YouTube-kyrkja» preg av.  Denne gongen er det fest-gudsteneste  i Onarheim kyrkje.  Eit mangfald av born og unge, og vaksne med, set sitt tydelege preg på feiringa.

Salmesongen er leia av flotte ungdommar, Julie Aarvik og Tuva Hatteberg-Olsen.  Fyrste og andre klasse ved Onarheim skulle opptrer med liv og lyst.  Det same gjer 4 klasse ved Uggdal skule i frå Uggdal kyrkje, som og har pynta med teikningar.  Onarheim Musikklag slår opp til marsj og gjer oss eit par av nasjonalsongane som høyrer med.

Gudstenesta heng ellers saman med dei kjende elementa, slik at ein kan kjenna seg heime i slik det pleier å vera når ein kan samlast der – fysisk og ikkje berre digitalt.

Her kan du sjå 17. mai gudstenesta på nasjonaldagen:   https://youtu.be/_o0VWlpaEtY