Iselin Nilsen viser kroppskontroll på høgt nivå! Foto: Atle Birkeland

Fotball foto/video konkurranse

Publisert av: May Britt Meland
10/5/2020 13:20

Da Korona traff oss vart det brått slutt på fotballtreninga for J12/J13.

Me laga derfor ein video/foto konkurranse kor jentene vart utfordra til ulike å utføre ulike oppgåver kvar veke. Langskudd, heading, triksing og finter har dei blant anna fått i oppgåve å dokumentere.

Det har blitt til fantastisk mange flotte bilder og filmar!

Me har akkurat starta opp att med litt trening, men det er vanskeleg å spele fotball når ein må halde minimum 1 meter avstand. Håpar me snart kan spele kampar igjen! Men det er uansett kjekt å treffe gjengen igjen!

Forrige tirsdag hadde me premiering for konkurransen. Takk til Coop Xtra Våge for sponsing av is til alle!

Rikke Hagen (til høgre) vann konkurransen, Ronja Sløgedal kom på andre plass, medan Anna G. Birkeland og Iselin Nilsen (sittande) delte tredje plassen.

 

Rikke laga ein fantastisk flott video og viser her eit perfekt utført skudd med strak rist!

 

Tekst og foto: Atle Birkeland, Hjelpetrenar Njardar J12/13