Kari Vikanes har hektiske dagar i Flakkavågen.

Symaskiner i full sving

Publisert av: May Britt Meland
6/5/2020 21:25

No er det hektiske dagar i Flakkavågen hos den nystarta verksemda Ship & Shore. Kari Vikanes er dama som er flittig med sysmaskinane.

Lang erfaring
-Etter å ha jobba fleire år hos seglmakarar i m.a. Karibia, USA og New Zealand, starta eg å sy for eit norsk firma som er spesialistar på båt-kalesjer, der var eg i 10 år, fortel Vikanes. -Og så kom eg over denne fantastiske plassen i Flakkavågen på vakre Tysnes! Vi kjøpte i 2014 og starta med opppussing av bygningen. I 2019 starta eg så smått å ta i mot oppdrag, men då kun på deltid i helgar og feriar. No 1. april i år vart det på fulltid, og vel så det!

 

 

Lokalet og verkstaden er ikkje så veldig stort, men det er topp utstyrt med 3 industri-symaskiner og anna spesialutstyr. -Og best av alt: eigen djupvasskai der kundane kan komma med båten og liggja medan dei får utført det dei treng av sy-arbeid, enten det er reparasjon eller nytt, seier Vikanes.

 

 

Variert produksjon
– Eg kan sy «alt» til båten: til dømes kalesjer og puter, bimini og spray-hood, segl-trekk og havnekalesjer m.m. I tillegg tek eg også på meg oppdrag for industri og større båter. Eg syr beskyttelsestrekk til alle typer utstyr og maskiner på sjø og land.

Ikkje berre båtprodukt
Oppdrettsnæringa er ein viktig kunde for meg. Her har eg m.a. levert spesialsydde eksos- puter til generatorar og framdriftsmotorer.
Og om nokon treng ein opprullbar lettvegg i hagen, så lagar eg det. Eller kanskje treng party-teltet å reparerast?

 

 

Hektiske dagar
Oppstarten har gått over all forventning, og symaskinane går for fullt 7 dagar i veka. Men så er det jo toppsesong for slikt arbeid nett på denne årstida. Det ser ikkje ut til at korona epedemien har noko innverknad på båtlivet foreløpig.

-Men apropos Korona: dersom det er ein butikk el. liknande som treng ein beskyttelsesvegg i klar-plast, -så syr eg gjerne det, legg Vikanes til.