Publisert av: May Britt Meland
21/2/2020 21:32
Karnevalstid
Fredag 21. februar var vekas høgdepunkt i Lunde Barnehage, då var det nemleg KARNEVAL. Borna vart inndelt i grupper og fekk delta på fire ulike stasjonar med aktivitetar – gøy i gymsalen, ansiktsmaling, fiskedam og musikk og dans.
Det vart ein spennande og kjekk dag med mange gode opplevingar. Karnevalet vart avslutta med varmlunsj og fastelavensbollar.