Ny logo
14/5/2009 21:35
I haust lyste Tysnes IL ut ein konkurranse om å lage ein logo til laget som skal inn på speledrakter, overtrekksdressar, korrespondanse og rekvisita. Som eit ledd i avtalen med Select , så vil Tysnes IL i samarbeid med Sporten AS få produsert bekledning og andre artikler i tida framover, og logoen kjem til å pryde laget sine produkt i mange år framover.
Det kom inn godt med forslag, men det lengste strået trakk Frid med sin ”inkluderande” logo. Logoen avspeiler ein visjon i Tysnes IL om å inkludera heile Tysnesøya i sin idrettsaktivitet. Det har vore gjengs oppfatning at Tysnes IL er eit idrettslag for Våge bygda, men handball favner mange og laget har no medlemmer frå heile øya.
Tysnes IL er opptatt av å opprethalde og utvikle god drift i idrettslaget. Organisasjonen er i ei rivande utvikling med eit betydeleg antall utøvere og frivillege, som alle bidrar med engasjement, entusiasme og ikke minst sportslege resultat på godt og vondt. Alle organisasjoner basert på frivillighet, har sine utfordringer, bla å framskaffe nok folk til å håndtere drifta, men laget opplever at folk stiller opp der det trengs.
Som for fleire organisasjoner på Tysnes, så ligg det eit økonomisk spørsmål i botn, som heile tida er styrande. Økonomi er utvilsomt ei stor utfordring. Tysnes IL har vore heldig å få sponsoravtaler med Tysnes Sparebank, Tiko AS, Heis-Tek AS, Andersland Bygg AS og Tysnes Kraftlag. I tillegg vil forhåpentligvis Tysnesfest arragementet gi noe kroner i kassen og samla gjer dette eit godt økonomisk fundament.
Tysnes IL gratulerer Frid med premien som er to eksklusive gullpass til årets Tysnesfest gitt av styret i Tysnesfest.