Stilige glis

Publisert av:
9/5/2009 18:57

Klokka seksten laurdag ettermiddag vart kaien i Våge fyllt med mange stilige bilar.

Det var tromma saman ei uformell samling av interesserte som har amcar og veteranbilar. Og oppslutnaden var ganske god trass det sure véret.

Etterpå at dei frammøtte og andre skuelystne hadde fått sett på dei flotte bilane, tok ein god gjeng av bilistane seg ein tur på Mandelen.

– Me konkluderte med at det absolutt er ein yrande interesse for gamle biler. Ein eigen klubb kan kanskje bli aktuelt på ein seinare tidspunkt når miljøet er blitt litt større, fortel Bjørn Inge leite til Tysnesingen.

Bilete: Arne Leite.