Er du klar for julequiz?

Publisert av: Nicholas Kleppe
21/12/2019 08:58
No er det tid for å skjerpe hukommelsen og kanskje teste allmennkunnskapen i familien.

Frå og med måndag 23/12 vil me kome med tre spørsmål kvar dag i sju dagar, med ulike tema.

Svara skal sendast samla til post@tysnesingen.no innan 29/12 kl 23.00.

Vinnaren av quizen får eit Cornhole brett som er produsert av Tysnes Industri AS.


Her ser ein Cornhole brett i aksjon på 17. mai i Våge.