Publisert av: Vegard Aslaksen
26/10/2019 12:37
Hugs å stille klokka!
Trudde du det er slutt på å stilla klokka? I mars 2019 stemte EU-parlamentet for at sommertidsdirektivet skal bli oppheva. Men planen er at EU og samarbeidsland som Norge skal slutta å stille klokka ein time fram og tilbake fyrst frå hausten 2021. Dette betyr at me framleis må stilla klokka nokon gonger.
Natt til søndag 27. okt 2019, kl 03.00 stiller me klokka ein time tilbake fra sommertid til normaltid.