Tap i fyrste

Publisert av:
17/4/2009 20:36

I kveld var det årets fyrste seriekamp i 7.divisjon. Det blei tap 0-3 for Lysekloster heime på Reiso gras.

Gjestane Lysekloster, som satsar på opprykk og har henta inn spelarar frå høgare divisjonar, opna i høgt tempo og pressa Njardar bakover. Det gjekk 25 minuttar før dei fekk si fyrste scoring. Etter den kom Njardar betre med, og hadde 2-3 brukbare forsøk mot Lysekloster-målet.

I 2.omgong skapte heimelaget svært lite offensivt, og gjestane fekk legga på ytterlegare to mål mot slutten av kampen og heimetapet var eit faktum.

Det var ein god motstandar Njardar møtte i dag, og tysnesingane vart for sein i alle ledd og då vart det tungt gjennom 90 minutt.

Desse var med: Kjartan Hagen, Gunnar Hansen, Eivind Skorpen, Knut S. Gjerstad, Håvard Drange, Ørjan Malkenes, Nils E. Hansen, Torbjørn Onarheim, Ronny Hagen, Roy I. Korsnes, Robert Grønvoll, Vidar Storesætre, Terje Vevatne, Helge Flornes.