Elefantjegaren og frilansaren
13/4/2009 20:13
– Det var særs hyggeleg å bli invitert heim til huset hans i South Kensington i London, der den utflytta kvite afrikanaren har budd dei siste åra.
Intervjuet var i anledning Wilburs siste roman, ASSEGAI, som kjem på norsk til sumaren. Handlinga er i kjent Smith-stil frå Kenya like f, der safarileiar Leon Courtney vert blanda inn i internasjonalt bråk då Keisar Wilhelm byrjar å iverksette flybårne krigsplanar i Aust-Afrika.
– Huset til Wilbur er noko utanom det vanlege, mellom anna har han to gedigne støttenner ståande ved inngangspartiet! På bordet i stova var det eit sjakkbrett utført i elfenbein.
Sidan NVG gjekk i ungdomsskulen har han har lest dei fleste bøkene til Wilbur, og vil også anbefala andre ungommar med sans for eventyr å gjera det same. Ein del av bøkenehar dei på Tysnes Folkebibliotek. I historiane hans får ein mykje av det meste, og på sitt beste skildrar han natur og jakt på ein framifrå poetisk måte. Favoritten min er Ung manns land, om zulukrigar i Natal og gullgraving i Johannesburg på slutten av 1800-tallet. Leoparden jagar i myrket er også ein høydare, godt drivstoff for ein eventyr-hungrig tenåringsfantasi. Eg har nok vokst litt frå dei historiane no, men mannen er unekteleg ein god “storyteller” med fascinerande sjølvopplevde ting å kome med. Kanskje litt i samme gata som Hemingway, om enn ikkje lik stort litteraert sett.
Spesielt spennande var det å høyra Wilbur’en fortella om korleis det var å vokse opp på ein farm i Rhodesia, og då han måtte springe ut med rifla til faren som var på ferie skyte tre løver som braut seg inn i kveginnhengninga. Då var han berre tolv år gamal.
No er forfattaren i sitt 75 år, men han holder seg godt. Eg antar at å jakte på bøflar og elefantar i Botswana og Kenya med jevne mellomrom ikkje er det verste for helsa.
Wilbur’en kunne også fortelle at han hadde eit godt forhold til Noreg og nordmenn, og vore der både som turist og på jakt fleire gonger, så ein skal vel kanskje ikkje verta for overraska om han me ser han på Såtetrimmen eller er i sving med jaktrifla på Hodlekje ein vakker dag.
Bilde: Einar Johannes Storesund