Sløkkjer lyset

Publisert av:
28/3/2009 15:18

– Det er klart vi vil vera ein del av noko så stort som Earth Hour. No utfordrar vi også resten av kommunane i Hordaland til å sløkkja lyset, seier Stord-ordførar Liv Kari Eskeland i ei pressemelding.

Det er venta at  ein milliard menneske sløkkjer lyset denne timen laurdag kveld. Earth Hour vert rekna som tidenes største klimakampanje, og i Norge deltek dei fleste offentlege bygg.

Det er fyrste gongen Norge er med og over 60 kommunar er påmelde. Alle med tilgang til ein lysbrytar kan melda seg på, så dette kan også du som privatperson vera med på!

Meld deg på her >>>