Ferjelem svikta

Publisert av:
24/3/2009 08:02

– Det er ikkje berre M/F Utstein som har trøbbel og avbrotne ruter. Dette synet var det som møtte meg på Husavik då eg skulle ta ferja til Stord i seks-tida i dag tidleg, fortel ho til Tysnesingen.

Det var jo ikkje ferja som svikta på Husavik, men ferjelemmen. Då ein trailer skulle køyra ombord i M/F Jondal holdt det på å gå heilt gale. Lemmen svikta og traileren var nær å havna i sjøen.

– Men dei fekk ei stropp i traileren til dei no ventar på kranebil frå Bergen, seier ho. – Dei to tysnesingane Jonny Meland og John Gunnar Kleppe jobbar som mannskap på denne ferja.