Noldus Idretslaug har signert ny manager til A-laget
1/7/2019 21:06
Det er snart sesongstart for Noldus IL, og det har i det siste vore jobba intenst med å få tak i manager til A-laget. Me er glad for å annonsera at me endelig har fått på plass ein manager me trur har alle kvalitetane som skal til for å gjere Noldus A-lag til eit interessant lag.
Det er ei gleda å presentera Joar Epland som ny manager for A-laget!
Joar har vore ein viktig person i Noldus si satsing på E-sport, og er utan tvil den personen med flest virtuelle kampar for klubben. Det er difor veldig kjekt å få med kunnskapen og erfaringa han har frå taktisk fotballarbeid inn i A-laget.
Joar Epland er også ein merittert manager i FM, noko som aldri er feil å ha med seg inn i laget.«Dette var meir enn eg turte å håpa på då me starta arbeidet med å leita etter manager» kommenterer ein tydelig stolt Yngve Vevatne om den nye signeringa. «Med Joar på laget trur eg spelargruppa har fått inn ein som kan løfta dei kollektivt, etter nokre år med varierande resultat» avsluttar Noldus sin sportslige leiar.
Joar Epland hadde sjølv nokre kommentarar om den nye rolla han no har fått i klubben: «Eg vil takka Noldus IL styret for muligheita, og æra eg har fått i å vera manager for Noldus IL A-laget. Eg ser fram til utfordringa, og til å setta mitt preg på laget. Eg gler meg til å bli kjent med spelargruppa, og til å få fram det beste, både kollektivt, og individuelt. Eg vil også nytta høve til å takka tidligare manager
Haakon Haaland for arbeidet han har lagt ned før meg. Med styret sitt gode arbeid på overgangsmarknaden, og med den stamma som er i Noldus, så ser eg for meg at allereie første sesongen kan verta suksessrik».
Noldus IL vil også takka Haakon Haaland for den jobben han har gjort over fleire år. Me ser med dette fram mot ein lang og god sesong, og er også spent på å annonsera spelartroppane til 1. laget og A-laget i dagane fram mot sesongstart.
Med vyrdsam helsing
Noldus Idretslaug