Vart ikkje nominert

Publisert av:
25/2/2009 22:08

Tre kvinner svarte skriftleg “ja” då dei på eit tidlegare tidspunkt vart spurd av Stavanger bispedømmeråd om å vera med i vidare prosessen fram mot nominasjon av bispekandidatar i Stavanger. Ingen av dei kvinnene, deriblant soknepresten i Tysnes,  var på lista over dei nominerte. Der var det fem menn. Det er Vårt Land som melder dette.

Bisperådsleiar Inger Kari Søyland seier til Stavanger Aftenblad at ho gjerne skulle sett at det var ei kvinne blant dei fem nominerte, men etter ei heilskapsvurdering nådde ikkje kvinnene opp.

Les meir her >>>