Få vil ha Grasrotandel

Publisert av:
10/2/2009 14:48

Vil du at ditt lag eller foreining skal kunna motta 5% tippemidlar frå Grasrotandelen?

Gjennom Grasrotandelen vil inntil 5% av omsetnaden frå alle spel i Norsk Tipping kunna fordelast direkte til lag og foreiningar som driv friviljug arbeid.

Ved søk i Frivillighetsregisteret viser det at berre Njardar/Tysnes, Njord/Tysnes og Tysnes skulekorps som førebels er registrert. Det betyr at mange andre lag frå Tysnes kan gå glipp av “lettente pengar”.

For frå 1.mars kan tipparane sjølve bestemma til kven dei vil gje 5% av det dei tippar for. For å støtta lag på Tysnes, er det difor viktig at du som tippar er bevisst og vel eit av dei lokale laga slik at du støttar organisasjonar på Tysnes.