Glupsk breiflabb

Publisert av:
9/2/2009 12:13

Det var i helga at Paul Terje Jacobsen med dottera Tiril (9 år), nevøen Berge (9 år) og broren Dag Magne Jacobsen var ute og satte garn i Bårsund.

Der fekk dei ein fin breiflabb på 8-10 kg.

– Ikkje heilt uvanleg det, men då ungane ville sjekka kva breiflabben hadde i magen fekk dei seg ei overrasking, fortel Kjell Hafnor til Tysnesingen.

– Breiflabben hadde nemleg slukt ei heil and. Anda var nesten utan skadar, seier han.

Bilete over viser anda, medan bilete av breiflabben under er eit anna eksemplar. Bilete: Kjell Hafnor.