Seniorkurs i trafikktryggleik

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/3/2019 16:19

Frivilligsentralen har i samarbeid med Grahl Trafikkskule, arrangert kurs for seniorar i trafikktryggleik.
9 personar fekk nyttige oppdateringar på fleire tema, der det viktigaste var å vere merksam i trafikken. Ha augo opne.

Elles var det stort engasjement rundt fletting og “fartsaukningsfelt m/fletting. Bruk av blinklys i vår lokale rundkøyring vart også gjennomgått.

Ein kjekk kveld, som bør gjentakast til hausten, der tema kan vera utfordringar rundt vinterføre.

 

Tekst og bilete: Per Verner Aase