Publisert av:
2/2/2009 17:18
Elevane får ikkje nok mosjon
Ei spørjeundersøking Fylkesmannen har gjort viser at berre ein tredjedel av elevane i fylket får nok mosjon, skriv Bergens Tidende. Fylkesmannen har spurt samtlege skular i fylket om elevane er fysisk aktive i minst seksti minutter dagleg. 164 av 320 skular har svart på undersøkinga. Av desse 164 er det berre 52 skular som har svart ja.
Av skulane på Tysnes som har svart kjem det fram at Tysnes skule ikkje har ein times fysisk aktivitet, medan Lunde skule har svart veit ikkje på undersøkinga. Dei andre skulane på Tysnes ser ikkje ut til å ha svart Fylkesmannen.