Interessert i båt?

Publisert av:
24/1/2009 20:03
– Eg tenkte eg ville lufta om det er intresse for å starte ein forening på Tysnes for båteigarar som har båtar, og som ønskjer å koma saman av og til og diskutera det som har med båt og sjøen og gjera. Det seier Andrew Andersen frå Flygansvær til Tysnesingen.
Han har gitt seg sjølv nokre tankar om kva medlemer av fritidsbårforeninga kan gjera.

– Me kan diskutera ting og tang om bord, erfaringer motor og anna teknisk utstyr som det begynner å bli ein del av. Og ikkje minst  det sosiale som turer og samlinger rundt om i vår fantastiske skjergard, seier Andrew.

Er du interessert? Kontakt han på e-post andrew.andersen@haugnett.no.