Tap for G13

Publisert av:
10/1/2009 17:06

Tysnes gutar 13 låg under med 2-9 til pause og det var nok fortent leiing til gjestane frå Mathopen.

Etter kvilen fekk tysnesingane betre flyt i spelet sitt og scora mange flotte mål.

Spelarane var svært skotviljuge, og sjølv om nokre skot small i panelveggen, så gjekk også ein go del skot inn frå distanse.

Mathopen vann til slutt med sju mål meir enn Tysnes, men det var ei flott avslutning på kampen av dei raudkledde der dei hadde fleire fine angrep.