Moving Oos til Tysnesfest 2009

Publisert av:
4/1/2009 18:29

Trønderbandet spelar soulrock frå slutten av 60 tallet.

Bandet, som i alt tel åtte stykker på scenen, består stort sett av allereie godt etablerte musikarar frå andre band. Me kan blant anna nemna New Violators, The International Tussler Society, Cadillac, Null$katte$nylterne og Dadafon.

I februar 2007 kom debutplata Peace & Love, som hausta gode kritikkar. Låta Romancer vart mykje spelt på P3 i 2007. Hausten 2008 kom oppfølgjaren …And Understanding, som blant anna fekk terningkast 5 i VG.

Dette er med andre ord eit band dykk ikkje kan gå glipp av. Med høg scenefaktor, og knalltøff rock`n roll, blir dette eit av høgdepunkta under Tysnesfest.

Du kan høyre smakebitar frå det nyaste albumet på www.movingoos.com

Sjå også http://www.myspace.com/movingoos